Stryn Frivillegsentral

Frokostmøte om Flyktning og arbeid

Presentasjonen var kombinert med frokost og samtale og tilbakemeldingar om problemstillinga. Det var 50 personar i kantina på kommunesentert.
 
Det er Stryn kommune, NAV-arbeid og Stryn Frivillegsentral som har gjennomført prosjektet. Det har teke ca. 1 år å fullføre undersøkinga.
12 informantar er intervjua, disse er analysert og vi har funne 9 viktige forutsetningar for å få arbeid og å halde på arbeidet. Disse momenta er norskkunnskap, motivasjon, reell arbeidstrening, familien, meistre intervjuet, kjenne og tilpasse seg dei formelle og dei uformelle reglane i arbeidslivet, vere høfleg og påliteleg, meistre det sosiale miljøet og  ha gode rollemodellar.
 
Stryn her landets beste statistikk på dette og vi har funne stor grad av positiv profesjonalitet i det private næringslivet og noko av den same haldninga i det offentlege.
 
Rapporten vert om kort tid (veke 51) lagt ut på denne sida.
 
Oppdragsgjevar (IMDI og departementet) får rapporten tilsendt i dag (7. des).